Sola vert sett på kartet


Av: Ove Tobias Gudmestad, fra Sola Historielags årbok 2021

Namnet Sola er godt kjent frå Kongesogene som vart skrivne av Snorre Sturlason. Her står Hafrsfjord og seinare Erling Skjalgsson,  Erlingr á Sóla, klart fram. Sola er og nemnt i mellomalderen i fleire diplomar (Diplomatarium Norwegicum), sjå liste hos Rygh (1915) der tydinga av namnet Kyrkje-Sola vert analysert. Men det var smått med kart før på slutten av det 15. hundreåret.

Innleiing

Det første trykte kartet over Nord-Europa vart laga av dansken Claudius Clavus i tidsrommet 1425 -1439. Det vart trykt i Claudius Ptolemy sin ”Geografi” i 1492. Vi finn både dette og mange andre eldre kart over Skandinavia i boka om ”Noreg og Norden i gamle kart og trykk” (van Mingroot og van Ermen, 1998). Mange av dei eldre karta er og svært fargerike og tek med illustrasjonar frå landområdet som er teikna, eller frå folkelivet der (kartusjer). Men det kan vera vanskeleg å kjenna seg igjen på karta frå dei 15. og 16. år hundra sidan dei geografiske kunnskapane hos kartteiknarane var heller små då. Det var også dårleg med kunnskap om kartteikning. Det er ikkje lett å bretta ut overflata på ein globus (ei kule) til eit flatt kart ark.

Olaus Magnus som ei tid var erkebiskop i Uppsala, ga 1539 ut eit kart ”Carta Marina” over Norden. På dette kartet kjenner vi oss betre igjen. Men kartet inneheld få detaljar og det er heller skjematisk. Abraham Ortelius sitt kart frå 1570 ”Septentrionalium regionum descrip” over nordlege område har med meir informasjon. Handel og opplysningstid krevde kart og atlasar.

Det er først med Gerhard Mercator sin atlas frå 1595, der han fekk med eit kart over Skandinavia og Finland; ”Svecia et Norvegia cum confinys” (Sverige og Noreg med tilstøytane område), at vi får eit kart som har med mange namn på byar og landskap. Mercator arbeidde med å forbedra teknikken for kartteikning og bretta ut jordoverflata på ein sylinder. Då vert nordområda mykje større og kartet ser skeivt ut, men ”sylinderprojeksjon” vert og nytta i kartteikning i dag.

Etter det me veit, vart det tidlegare ikkje nytta kart til sjøferdsle. Ein nytta kjentmann. Men kunnskapane om navigasjon var store i mellomalderen. Større skip og meir handel auka ønskje om kart. Karta vart i praksis alltid brukte saman med ei forklaring om kysten. Med kart kunne ein og finna fram langs land utan kjentmann. Kysten langs Jæren vart rekna for ugjestmild utan gode hamner mellom Sirevåg og Tananger. Men det er få sjøkart som er bevarte i dag då dei fleste karta som vart nytta på dei gamle seglskutene, er gått tapt.

Dei aller fleste gamle karta vi har, er frå gamle atlasar. Både kyrkjelege og administrative myndigeter hadde behov for kart og det vart populært mellom rikfolk å kjøpa atlasar i det 17. og 18. hundreåret.

Før vi ser på korleis «Sola vart sett på kartet», skal vi sjå korleis Gerhard Munthe i 1840 har tenkt seg at eit «moderne kart» frå før 1500 ville sett ut, Figur 1. Deretter ser vi Jæren på eit av dei eldste karta over kysten frå Osterøy til Langesund, Fig. 2.

Gerhard Munthe, 1840: Norgesavdelingen 156: Noregr – Det gamle Norge før Aar 1500. https://kartverket.no/historiske/11/11186_norgesavd_156-1_1840_jpg300dpi.jpg

Lucas Janszoon Waghenaer 1592, 1:750.000.  Sjå og Waghenar, 1588 https://kartverket.no/historiske/11/11300_museum_m15-167_1592_jpg300dpi.jpg Norges Kartverk , Museumskart 167: Kysten frå Osterøy til Langesund. Her viser Rut (Rott) som viktig sjømerke

Karta frå 1600-talet

Joannes Janssonius sitt sjøkart frå Der Neus (Lindesnes) til Berghen (”Pascaarte van Noorwegehen, vertoonende de Zee-custen geleghen tusschen der Neus en Berghen”) var truleg teikna før år 1600. Vi viser eit eksemplar av kartet frå 1627 der ankerplassar er klart merka. Dei hollandske kartmeistrane laga på 16-hundretalet kart over Norden. Dei mest kjende karta er utgitt av kart-huset Blaeu. Brødrene Willem og Johan Blaeu arbeidde kontinuerleg med å få betra kvaliteten på kart i atlasane sine, få med fleire detaljar og laga karta til kunstverk. På denne tida var det stor handel med tømmer og hummar frå Stavanger stift til Holland. Stavanger stift omfatta på den tida også heile Agder, Hallingdal og Valdres. Den oppgåva hadde biskopen her til 1631 då Hallingdal og Valdres vart skilde ut frå Stavanger stift. Seinare (i 1682) vart resten av Stavanger stift lagt inn under det nye Kristiansand stift, seinare same året brann byen og starten på nedgangstida til Stavanger var eit faktum.

Sidan Stavanger stift var eit heller sentralt område, ga brødrene Blaeu ut eit kart over ”Diæcesis Stavangriensis & parts aliquot vicinæa”. Dette kartet var teikna av Laurids Clausen Scavenius (Laurits Skabo) som var biskop i Stavanger tidleg på 17 hundretalet (biskop frå 1605, død i 1626). Det var biskopen som først og fremst trong dette kartet. På Agdesida var den kjende presten Peder Claussen Friis medarbeidar då kartet vart laga. Kartet vart trykt i Blaeu sine atlasar frå 1635 og utover.

Mangelen på detaljar på kartet over Stavanger stift ville karthuset Hondenius, som var Blaeu sin argaste konkurrent i Holland, gjera noko med. Jodocus Hondius hadde tatt over kartplatene til Mercator og gav ut atlasar frå 1605. Kartteiknar Joannes Janssonius (Jan Jansson) var fødd i Arnhem om lag 1590 og vart i 1612 gift med dotter i huset Hondius. Han publiserte eit mykje meir detaljert kart over Stavanger stift enn det kartet som Blaeu hadde publisert. Dette kartet vart trykt i Hondenius sine atlasar, og vi viser utsnitt frå eit av desse karta i ei fransk atlas utgåve frå 1647, Fig. 3. Kartet har også ein praktfull kartusj, Fig. 4.

Jansenius 1647 https://www.nb.no/items/dd86373f0c66bcbd4d315a44360138fb?page=0&searchText=

Kart over Stavanger Stift, teikna tidleg på 1600-talet før bispesetet vart flytta til Kristiansand.

Som nemnt bruka ein sjøkarta saman med ei forklaring over leia, Fig. 5 der ruta mellom Feistein og Skudesnes vert forklara. Rut (Rott) er sentralt i leia.

Seilingsruta mellom Feistein og Skudenes. Van Keulen Nieuwe Groote Lichtende Zee-Fakkel, 1680 talet, https://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Nieuwe_Groote_Lichtende_Zee-Fakkel_bok_3_del_1_side_49.png

Også på internasjonale kart viser somme gonger Sole. Det var nok litt tilfeldig kva kyrke som vart innteikna men her er Sola med, Fig. 6.

Jaillot 1692, La Scandinavie, et les Environs, ou sont les Royaumes de Suede, de Danemarck, et de Norwege divise en leurs principales Provinces, https://www.raremaps.com/gallery/detail/59164/la-scandinavie-et-les-environs-ou-sont-les-royaumes-de-sue-jaillot

Karta frå 1700-talet

Dansken Jens Søfrensen fekk i 1689 i oppgåve av kong Christian V å laga kart over danske farvatn og norske kysten. I 1695 vart han titulert ”Søcart-Directeur”.  Han fylgde marinen sine fartøy ved kartleggingsarbeidet. Karta hans var så nøyaktige at dei vart gøymde bort i Admiralitetet på grunn av ”rikets sikkerheit”, så karta ikkje skulle falla i hendene på fiendar. Rasmus Juell arbeidde saman med Søfrensen og laga seinare kart over kysten frå svenskegrensa til Boknafjorden. Han vart seinare naturalisert nordmann og gifta seg her (A. Midhassel, 2003). Ved Statens kartverk Sjø i Stavanger har dei ein original av kartet frå Åna Sira til Boknafjorden. Det vart laga i 1708. Kartet er svært nøyaktig og gir ei god og detaljert oversikt over denne kyststrekningen. Utsnitt frå kartet vert ofte nytta som døme på flotte gamle kart. Vi tek her med eit utsnitt som viser kysten av Sola, frå Hafrsfjord og sør til Figgjo elva, Figur 7. «Soele Kiercke» er i sentrum. Merk at Rott og holmane utafor Sola er klart avmerkt.

Utsnitt av Rasmus Juul sitt kart frå 1708, 1:20.000 Museumskart 72: Kyststrekningen fra Sireåen til Tungenes,  https://www.kartverket.no/om-kartverket/historie/historiske-kart/soketreff/mitt-kart?mapId=10871

Kong Frederik V si reiserute i 1750 er vist på Figur 8. Reiseruta var grundig planlagt. Det var flere ruter som var aktuelle, til lands eller til sjøs.

Grense Carte over Norge og Kongens Reise-Tour. https://www.kartverket.no/om-kartverket/historie/historiske-kart/soketreff/mitt-kart?mapId=6836

Kart frå Fredrik V sin atlas, 1759

Frederik V var konge frå 1746 til 1766. Kongen fekk i si regjeringstid gitt ut ein atlas med dei karta som fantes i arkiva i det dansk-norske kongedømet. Atlasen var i 55 bind og inneheld 3535 tavler. Frederik den Femtes Atlas, er lagt ut på Internett og me kan bestilla kopier frå Det Kongelige Danske Bibliotek. “Charta over Christiansand Stift aftegnet i Rendsborg 1759 af O. A. Wangensteen”, Fig. 9a, er gjengitt i bind 40 på side 55. På det tidspunktet var biskopen flytta til Kristiansand som kong Christian den IV (Christian Kvart) hadde bestemt på slutten av 1600-talet. Det var då nedgangstider i Stavanger

Wangensten: Charta over Christiansand Stift, Aftegnet i Rendsborg Aar 1759. I Fredrik V Atlas.

Ole Andreas Wangensteens sitt kart over heile Noreg frå 1761 var det første trykte kartet over Noreg teikna av ein norsk kartograf, Fig. 9b.

Wangensteen kartet, det første over heile Noreg. Kongeriget_Norge_afdelet_i_sine_fiire_Stifter;_samt_underliggende_Provstier_79,_1761.jpg (6216×7342) (wikimedia.org)

Nytt og meir nøyaktig kart frå 1773 har med Sola, Fig.10.

«Karte over Norge fra Nærøen til Lindesnes».

Christian Jochum Pontoppidan (1739–1807) var ein dansk kartograf som i Noreg er mest kjend for dei tidlegaste detaljerte og nøyaktige karta over Sør-Noreg i 1785 og Nord-Noreg i 1795. Kartet som han fekk trykt i København i 1785, vert rekna som det beste frå 1700-tallet. Det vart trykt i to blad, og inneheld ei mengd opplysningar som ikkje finnest på dei eldre karta. I tillegg til kartet vart det samtidig utgitt ei bok, ” Geographisk Oplysning til Cartet over det sydlige Norge i trende Afdeelinger”. Figur 11 viser vårt område. Han var fødd i Lille Næstved i 1739, og døydde 10. februar 1807 i Ketting på Als, Lolland, Danmark. Far hans var kapellan og Christian Jochum skulle kanskje ha følgt i fotspora til faren, men han braut av skulegangen i 18 års alderen for å gå i utanlandsk krigsteneste. Etter vel 15 års teneste vendte han tilbake til Danmark og vart i 1773 teiknelærar ved det kongelige Landkadetkompagniet – seinere kalla Landkadetakademiet. Her arbeidde han fram til avskjed pga. svak helse i 1800. I tillegg til undervisning teikna Pontoppidan ein serie svært gode kart over Danmark, Sverige og Noreg. Til fleire av desse gav han ut forklaringar der han m.a. fortel om korleis karta blei til og kva kjelder han brukte. Forklaringane gir også opplysningar om veier, fjell, innsjøar, gjestgjevarar, grenser m.m.

Frå Pontoppidan sitt kart, 1785, https://www.nb.no/items/a1da2dc9b6a6936cd52855f24cea41a7?page=0&searchText=pontoppidan

Etter Juell sine kart vart det laga nye kart over Norskekysten i 1795. Dette var dei ”Grovske karta” som vart utarbeidde av den danske sjøoffiseren C. F. Grove. Desse karta har ”fantastiske fjellformasjoner” mot innlandet, men dei var baserte på meir nøyaktig triangulering av kysten. Figur 12 viser utsnitt av eit av karta som viser Sola og Hafrsfjord, sjå og Fig.13.

1795. Museumskart 86b: Speciel kaart over en Deel af den Norske Søe-Kyst, Stavanger-Karmøy, https://kartverket.no/historiske/11/11205_museum_4a11-86b_1795_jpg300dpi.jpg

Aubert, Niels Andreas Wibe og Carl Frederik Grove 1798, Norske Kyst, Bergen tilligemed indløbet til Stavanger 1:50.000, https://www.kartverket.no/om-kartverket/historie/historiske-kart/soketreff/mitt-kart?mapId=11318.

Over til 1800-talet

Paul Löwenörn, gav i 1816 ut ei bok som gir informasjon om leia langs kysten av Noreg. Hanseatane trong slik informasjon om farvatnet, sjå tekst, figur 14 nedanfor.

Beschreibung der Norwegischen Küste, zu den aus dem Königlichen Seekarten,  https://books.google.no/books?id=ww9fAY25UuEC&pg=PA7&hl=no&source=gbs_toc_r&cad=4#v=onepage&q&f=false

Amtskarta. I perioden frå 1820-åra vart det utgitt kart over alle amta I landet. Frå 1845 overtok Norges Geografiske Oppmåling å gi ut desse karta. Vi skal i det vidare, Fig. 15 til Fig. 17,  sjå korleis desse karta utvika seg til å verta detaljerte og grunnlag for rektangelkarta.

Amtskart 1820 Stavanger amt nr 2: Kart over Stavanger amt. Ukjent kartteiknar, https://kartverket.no/historiske/2/2538_amt2_stavanger-amt-2_1820_jpg300dpi.jpg

Crøger, Amtskartet 1851 Stavanger amt nr 4: Kart over Stavanger amt, https://kartverket.no/historiske/2/2584_amt2_stavanger-amt-4_1851_jpg300dpi.jpg

Søren Christian Gjessing, 1860 Stavanger amt nr 6 sør: Kart over Stavanger amt. Sørlig del, 1:200.000, https://kartverket.no/historiske/2/2592_amt2_stavanger-amt-6-soer_1860_jpg300dpi.jpg

Gjessing 1866 Som Amtskartet, men med fargelegging av gode jordbruksområde

Porteføljekart vart framstilt av Norges Geografiske Oppmåling i perioden 1775 til 1868. Kart med ulik målestokk over eit område var samla i mapper (porteføljer).I utgangspunkt var karta tenkte til militært bruk.  Fig. 18 gir eit utsnitt over deler Sola.

Staib, Porteføljekart, Norge, 166 frå 1857, https://www.kartverket.no/om-kartverket/historie/historiske-kart/soketreff/mitt-kart?mapId=6426

Til slutt tek me med kart over leia langs kysten av Sola. Her er mange skjer og trangt farvann. Merk at ankringsplassar er teikna inn med eit anker. Sjå Fig 19 og 20.

Schie, H Wille, 1859. Museumskart 67: Kart over den Norske kyst fra Ekersund til Stavanger og Hvidingsø fyr. https://kartverket.no/historiske/11/11174_museum_3a4-67_1859_jpg300dpi.jpg

(Sjå og kart teikna av Bang frå 1862: https://www.kartverket.no/om-kartverket/historie/historiske-kart/soketreff/mitt-kart?mapId=11170)

T Bang, 1862.  Museumskart 217-36: Specialkart over Den Norske Kyst fra Jæderens Rev til Tanangerhaug. https://www.kartverket.no/om-kartverket/historie/historiske-kart/soketreff/mitt-kart?mapId=10916,

Utsnitt frå kartet 20a. Tananger 1862.

Rektangelkarta vart utgitt av Norges Geografiske Oppmåling i tidsrommet 1869 til 1942. Kartblada hadde eit rektangulært format, og dekka 4 gamle norske mil øst–vest og 3 mil nord–sør. Ekvidistansen var opprinnelig 100 fot, senere 30 m (Frå Store Norske Leksikon). Merk at Sola er del av Jæderen! Fig 21

Natrud, J. Nordhagen,  Jæderen, 1892, https://kartverket.no/historiske/5/5414_norge174_82_1892_jpg300dpi.jpg

Avslutning

Vi har i denne artikkelen sett at dei gamle sjøkarta og landkarta frå slutten av 1500-talet og fram til og med 1800 talet gir verdfull informasjon som kan hjelpa oss å forstå tidlegare tider og bakgrunn for kva som skjer i dag. I vedlegg til artikkelen summerer vi også korleis dei gamle sjøkarta er blitt nytta og vi nemner spesielt at vi må venta å finna ballaststein i dei gamle hamnene då ballast er naudsynt for å sikra stabilitet av skip.

Referansar

Blaeu, W. og J., 1635. Diæcesis Stavangriensis & parts aliquot vicinæa, Amsterdam, Nederland.

Grove, C. F., 1795. Speciel Kart over en Deel af Den Norske Søe-Kyst strækkende frå Grendsen imellem Bergens og Christiansands Stifter indtil Obrestad i Jædderens Fogderi.

Janssonius, J. (Hondius atlas), 1647. Nova et Accurata Tabula Episcopatvvm Stavangeriensis, Bergensis et Asloiensis, Amsterdam, Nederland. (p. e.). Kopi av kartet er til salgs hos Rogaland Historielag, Stavanger.

Juell, R., 1708. Stavanger og Omegn Anno 1708. Antikvarisk kart fra Statens kartverk Sjø, Stavanger. Gjengitt med tillatelse nr. 415/02.

Pontoppidan, Chr. J., 1785. Kart over det sydlige Norge.

Rygh, O., 1915. Norske Gaardnavne, Stavanger Amt. Fabritius & Sønner, Kristiania.

Sturlason, Snorre, 1220 – 1235. Heimskringla.  https://heimskringla.no/wiki/Saga_%C3%93lafs_hins_helga

van Keulen, J., 1700. Pas-kaert van de Cust van Noorwegen Beginnende van Der Nues tot aen Bommel Sond. Amsterdam, Nederland. (p. e.). 

Velsand, A., 2018: Gamle dansk-norske kart over Norge.  En undersøkelse av konteksten for tegningen av norgeskart i Danmark-Norge på 1700-tallet. Masteroppgave Universitetet i Oslo.

Wangensteen, O. A., 1759. Charta over Christiansand Stift aftegnet i Rendsborg i 1759. Frederik V Atlas, Kongelige Bibliotek, København.

Waghenaer, L. J., 1584-1585. Spiegel der Zeewaerdt. Leyden, Nederland. Faksimile N. Israel/publisher – Meridian Publishing co., Amsterdam, Nederland.

Generelle Kjelder

Kartverket: https://www.kartverket.no/om-kartverket/historie/historiske-kart

Sjøkartverket: https://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_historiske_dokumenter_hos_Statens_kartverks_sj%C3%B8divisjon

Nasjonalbiblioteket: https://www.nb.no/search?mediatype=kart

Vedlegg. Om segling i gamle dagar

Det var vanskeleg å segla i mørke og i dårleg ver. Då var det behov for gode hamner. Tananger er ei slik hamn og det har vore ankerplassar ved Rott. Dei gamle karta vart nytta til navigasjon saman med klar beskriving av kjennemerke på land og i sjøen Vi skal og merka oss at dei gamle karta kan vera vegvisarar for arkeologar og slik føra til det endelege provet for tidlegare aktivitet.

Eit viktig kjennemerke på at det har vore ei gamal hamn, er at vi finn ballaststein på staden. For å sikra stabilitet av eit skip, er det naudsynt at avstanden (GM) mellom tyngdepunktet og skipet sitt initial massesenter er positivt. Det vil i praksis seia at tyngdepunktet for skipet ikkje må vera for høgt. Dei gamle vikingskipa var spesielt stabile sidan dei var svært breie og hadde lågt tyngdepunkt. Seinare vart båtane høgare og smalare. Då var det behov for ballast om skipet ikkje hadde last. Stein vart oftast nytta og i mange gamle hamner finn vi stein som har vorte ført med skipa. Spesielt dei skipa som kom for å henta fisk i Noreg måtte ballasterast godt, for det var ikkje mykje pengar her i landet til å kjøpa varer for, skipa kom hit «i ballast».


Flere artikler fra samme kategori: Historie før år 1900


  • Storgården Håland


    Kategori: Historie før år 1900


    og innføringen av lokaldemokratiet i Sola  Av: Tor Erik Hansen. Fra historielagsmøtet 17...

    Les Mer


  • Lauritz Smith fra Sola toppet skattelistene for 300 år siden


    Kategori: Historie før år 1900


    Av: Tor Erik Hansen Like vanlig som årstidene kommer og julen kommer, så kommer skattelistene. Til noens glede og andres irritasjon sluker folk hva de rikeste har tjent...

    Les Mer


  • Sjørøverslaget utenfor Sola i 1811


    Kategori: Historie før år 1900


    Et utdrag fra Atle Skarsteins artikkel i Sola Historielags årbok 2020 Bildet over er en akvarell av Fredrik Hansen fra 15. desember 1813. Bildesamling: Monsenfamilien.   I 1799 ledet general Napoleon Bonaparte et militærkupp i Frankrike som gjorde at h...

    Les Mer


  • Veier i Sola før i tiå


    Kategori: Historie før år 1900


    Av: Tor Erik Hansen. Utgitt i Sola Historielags årbok 2017. Webside: Tor Erik Hansen   Sola i dag kjennetegnes av store veiprosjekt. Flyplassen og Tananger har økende trafikk og trenger bedre veier med det resultatet at det graves og bygges nesten overalt. Sola kommune er bl...

    Les Mer


  • Tanangers eldste historie- «Den trygge havnen bak tangen»


    Kategori: Historie før år 1900


    Av: Atle Skarsten. Utgitt i Sola Historielags årbok 2019. Webside: Tor Erik Hansen.   Lenge før det var antydning til noe bygdesentrum i Sola var Tananger det viktigste stedet. Tananger har en stolt historie preget av stedets lokalitet, ut mot havet, en historie med et virke...

    Les Mer


  • Svartedauden i Sola


    Kategori: Historie før år 1900


    Fra et møte i Sola Historielag-17. januar 2019 med Birger Lindanger. Webside: Tor Erik Hansen. Birger Lindanger er den lokale eksperten på svartedauen her i distriktet. Og på et møte i Sola Historielag 17. januar 2019 fortalte han om denne ka...

    Les Mer