Julemøte og foredrag om Dorthea Rabbe og Sømme Husmorskole: Ved: Birgit Jaastad

Dato / Tid

02/12/2021
19:00 - 20:30

Sted

Sola Kulturhus
Kongshaugvegen 32
4050 Sola
Link til google maps

Beskrivelse

Dorthea Rabbe var den første bestyrerinna på Husmorskulen på Sømme i Sola frå 1912, og ho hadde denne posisjonen til ho gjekk av med pensjon i 1937, altså i 25 år. Kva var hennar haldning til spørsmål om tradisjonsoverføring og til nyorientering når det galdt husmorrolla? Kan vi finne ut meir av dette ved å sjå på skulen på Sømme og på Dorthea Rabbe sin lærargjerning og liv?

Dei nye skulebygningane på Sømme i gamle Håland kommune var ikkje ferdig stilte då elevflokken innfann seg i august, dei unge jentene måtte bruke ein del av tida si til å hjelpe til med å lempe takstein og sope høvelspon.

Dorthea Rabbe var tidleg samfunnsengasjerte. I juni 1912 vart også Sola Sanitetsforening skipa og i 1917 vart Haalands lokale kvinneråd stifta med Dorthea Rabbe som ein pådrivar. I 1921 vart Dorthea Rabbe vald som varamann til Stortinget for Venstre i Rogaland. Fleire kokebøker fekk ho gitt ut.

Andre kommende arrangementer

<< mai 2021 >>
mtotfls
26 27 28 29 30 1 2
3 4 5 6 7 8 9
10 11 12 13 14 15 16
17 18 19 20 21 22 23
24 25 26 27 28 29 30
31 1 2 3 4 5 6

Dagen markert i grått markerer dagens dato dato(er) markert i oransj indikerer arrangement den dagen